
Tynesfjellet (som vi ser langs fjorden) strekker seg bak til foten av Straumshornet. Sjå fleire unike foto på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)
Tynesfjellet (498 m.o.h.)
Den mest vanlege ruta går frå Øvre Tynes. Eit par hundre meter innom Ekornes sitt fabrikkanlegg finn du ein liten parkeringsplass på venstre side. Her startar ein skogsveg som går oppetter lia. Følg denne til det høgaste punktet på vegen, der står det eit lite skilt som markerer starten på råsa. Råsa er vel trakka og godt synleg. Namnekassa er plassert på om lag 450 m.o.h. Dersom du vil opp til det aller høgaste punktet følgjer du råsa eit lite stykke vidare.
- Oppstigningstid: 1-2 timar
Ein rundtur frå Tynes og ned att til Straumgjerde eller Blindheim er eit anna alternativ. Du kan også starte frå Blindheim eller Straumgjerde via Brune. Sjå tur til Straumshornet og Fjellhugboka for meir informasjon. (Kjelde)

Du kan gå frå Brune. Toppen er Straumshornet, til venstre ser vi Langenesvatnet. Sjå fleire unike foro frå Sykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)