Urfjellet (1267 m.o.h.)

Sjå fleire unike foto frå Ssykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Utsikt mot Langfjella. Høgenykjen i høgre bildekant. Bak ser vi Fjellsetra og Nysætervatnet. Sjå fleire unike foto frå Sykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Urfjellet (1267 m.o.h.)

Du kan starte frå skogsvegen på Hjorthol ved Riksveg 60. Her er det fint å parkere. På flata, nesten ved enden av skogsvegen, tek du opp til venstre, og går gjennom eit granfelt (Før trimposten). Du går på ei god rås opp den bratte sida mot Koppen.

Når du er komen opp på Koppen (ny trimpost), dreier du nordaust og følgjer ryggen oppover mot Svafjellet. Ryggen strekker seg over kular og kollar. Det beste er å gå opp midt langs ryggen på ei sauderås. Ved Svafjellet flatar terrenget ut, før du tek fatt på den siste lange oppstigninga mot toppen. Det greiaste er å gå opp grasranda til venstre for nokre svaberg, og derifrå på lett ur til topps.

  • Oppstigningstid: ca. 4 timar.

Du kan også gå frå La (Lade). Eventuelt frå Straumgjerde eller Blindheim om Langeneset. Sjå meir informajson i Fjellhugboka. (Kjelde)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Sjå fleire unike foto frå Ssykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Utsikt mot Aure og Ålesund. Hammersettindane i front. Sjå fleire unike foto frå Ssykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Sjå fleire unike foto frå Ssykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Utsikt mot fjella i Velledalen. Sjå fleire unike foto frå Ssykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.