Vassætra (462 m.o.h.)

vassætra77

Vakre Vassætra i vinterdrakt. (Foto: Hanne Suorza)

Vassætra/ Fauskesætra (462 m.o.h.)

Det mest nytta utgangspunktet er Hjellane. Frå riksvegen tar du av i Ullavika og køyrer opp dei svingete Åsbakkane. Det er god plass til parkering.

Frå parkeringsplasen på Hjellane går du fram gardsvegen. Ta av ved ei lita bru på venstre side av vegen. Dette er utgangspunkt for sætrevegen som endar ved Vassætra. Vegen er godt grusa, men det er kun grunneigarar som har høve til å køyre på vegen.

Bak sætra er det flott utsikt utover fjorden.

  • Oppstigningstid: ca. 40 min.

Du kan også starte turen frå Fauske. Frå Vassætra kan du gå vidare til Sandvikshornet. Sjå Fjellhugboka for meir informasjon.

vassætra1-skaparglede

(Foto: Arild Solberg)

(Foto: Hanne Suorza)

Rein idyll. (Foto: Hanne Suorza)

(Foto: Hanne Suorza)

Gå bak hyttene for fantastisk utsikt mot Ålesund. (Foto: Hanne Suorza)

vassætra44

God veg å gå på. På veg ned att ser du mot Sykkylvsfjella. (Foto: Hanne Suorza)

vassætra33

Intet stress på fjellet. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.