Vellesætra (400 m.o.h.)

vellesetra1

Fin inngang til Vellesætra. På toppen ser vi den koselege Vellesæterhytta. (Foto: Rolf Ståle Barstad)

Vellesætra (Ca. 400 m.o.h.)

For å kome til Vellesætra tek du av frå riksveg 60 i krysset ved Hjorthol i Velledalen. Om lag 500 meter lenger nede tek du av til venstre og følgjer Brunstadvegen. Oppe på flata er det eit lite vegkryss. Her tek du av på Bøvegen og går opp mot Brunstad kraftverk. Du finn god parkering på begge sider av Brunstadelva. Vegen som fører til Vellesætra startar ved Brunstad kraft. Det er god grusveg på grunn av kraftutbygging. Det er ikkje høve til å køyre opp for andre enn grunneigar. Ver venleg og respekter dette. Siste delen av vegen opp mot sætra er rås.

  • Oppstigningstid: Ca. 45 minutt frå Brunstad

Vellesæterhytta er eigd av Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) og er ei sjølvbetjent turistforeiningshytte.

Frå Vellesætra kan du gå flotte toppturar til for eksempel Store Kløvheitind, Lille Kløvheitind, Skjortehornet, Søre Regndalstind, Svendtind, Bjønnatanna, Vellesæterhorn, Gullmorhorn, Brunstadhorn og Skardstind. Sjå Fjellhugboka for meir informasjon. (Kjelde)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

vellesetra1_skaparglede

(Foto: Arild Solberg)

vellesetra2

Vellesæterhytta blei pussa opp i 2004/2005. Den har åtte sengeplassar og 3-4 sofabenkar. Urfjellet og Lafjellet midt i bildet. Til høgre ser vi delar av Brunstadkollen. (Foto: Rolf Ståle Barstad)

vellesetra5

Vellesæterdalen med Vellsæterhornet til venstre, Storbreskaret midt i bildet, og Kløvheitindane mot høgre. (Foto: Rolf Ståle Barstad)

Unni Utgård Riksheim, Brage Breivik, Håkon Fedt og Terje Olav Riksheim.

Unni Utgård Riksheim (med Fjellhugboka i handa), Brage Breivik, Håkon Fedt og Terje Olav Riksheim tar seg ein rast ved Vellesæterhytta. (Foto: Rolf Ståle Barstad)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.