Aurdalsnibba (1126 m.o.h.)
Den kortaste og lettaste ruta til Aurdalsnibba startar på Eidemsætra. Du køyrer frå Kjemphol på ein sætreveg (bomveg) fram mot Eidemsætra, og eit lite stykke vidare. Der vil du finne vegen som går direkte til topps langs vestryggen av Aurdalsnibba. Starten er markert med eit lite skilt ved vegkanten. Det er litt tungt i byrjinga, men ovanfor skoggrensa vert det straks lettare å gå. Øvste del av ruta er markert med steinvardar.
- Oppstigningstid: 2 -2,5 timar.
Det er fleire alternativ for oppstigning. Den mest nytta ruta om vinteren går frå Nysætra via Brekka. Sjå Fjellhugboka for meir informasjon. (Kjelde)

Aurdalsnibba lengst til venstre i bildet. Sjå fleire unike foto frå Sykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)