Langenesvatnet (376 m.o.h.)

Langenesvatnet. Ved venstre side av vatnet går det ei fin rås til den sørlege enden. (Foto: Frank Andersen Photography)

Det er eit kunstnerisk uttrykk på dette bildet til Frank Andersen. Ved venstre side av Langenesvatnet går det ei fin rås til den sørlege enden. (Foto: Frank Andersen Photography)

Langenesvatnet (376 m.o.h.)

Frå Bakkane/Einane i Straumgjerde går du opp langs sætrevegen som svingar seg oppetter lia. (Kun grunneigarar har løyve til å køyre.)

Du kan også starte frå Blindheimsbakkane, og vidare innover Skålholtvegen (bomveg) til ”Per Sveins Plass”. Herifrå går det ny bomveg (Straumsdalsvegen) som fører forbi Hindaholen og til Brune; der vegen frå Blindheimsbakkane og vegen frå Straumgjerde møtast i eit kryss.

Vidare går du innover heilt til vegen endar i Osen ved nordenden av Langenesvatnet. Langs venstre side av vatnet går det ei rås til den sørlege enden av vatnet (Botn).

Du kan køyre heilt fram til Langnesvatnet frå Blindheimsbakkane, men det er ein fin tur å gå. Det er litt bratt den første delen, men frå Brune er det berre lett stigning fram mot Langenesvatnet.

  • Oppstigningstid: Frå Straumgjerde 1,5 t. Frå leikeplassen på Blindheimsbakkane: 2 t.

Sjå Fjellhugboka for meir informasjon. (Kjelde)

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Langnesvatn09.22.59

Blikkstille ved Langenesvatnet. Her er det fint å gå tur, grille og å bade. Sjå fleire unike foto på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.