SIL Freeski

Så snart pudderalarmen går på Fjellsetra er jibbarane på plass med snøskufflar, handkraft og stor stå-på-vilje. Dei bygger hopp, riggar rails og preppar løyper. – Det er her det skjer, seier Magnus Overå (18).

Håvard Elias Hovet Aas. (Foto: Syver Torvik)

Pow-pow! Håvard Elias Hovet Aas i eit luftig svev. (Foto: Syver Torvik)

Ungdommane i den splitter nye klubben SIL Freeski, formar rett og slett sin eigen fritidsarena.

Resultatet av innsatsen nyt jibbarane både framlengs og baklengs. For med twintipski på beina handlar det om å stå, trikse og hoppe på ski begge vegar.

Odd Hågen Moen og Kristian Wågsæther (Foto: Syver Aure Torvik)

Odd Hågen Moen og Kristian Wågsæther (Foto: Syver Aure Torvik)

Kristian Wågsæther (Foto: Syver Aure Torvik)

Kristian Wågsæther (Foto: Syver Aure Torvik)

Syver Skar Eriksen (Foto: Syver Aure Torvik)

Syver Skar Eriksen (Foto: Syver Aure Torvik)

Å halde terrengparken i tipp topp stand, krev stor innsats av mange. Når snøen smeltar, forsvinn også hoppa. Slik kan innhaldet i parken endre seg på kort tid, gjerne frå dag til dag.

- På Fjellsetra keiar vi oss aldri. Parken betyr mykje. Det blir mange timar og gjerne nattarbeid. Spesielt i vinterferien, seier Magnus Overå. Han er ein erfaren skiløpar med trenaransvar.

Magnus Overå er trenar i SIL Freeski. Han er ofte å sjå på fjellet - enten med reiskap i handene eller med ski på beina.

Magnus Overå er trenar i SIL Freeski. Han er ofte på fjellet, enten med reiskap i handene eller med ski på beina. (Foto: Syver Aure Torvik)

freeski

Denne gjengen er blant dei aktive i SIL Freeski. Frå venstre: Knut Tore Fausa, Bastian Overå, Peder Fausa, Kjellbjørn Sørgård, Kasper Bonesmo, Sigve Våtmyr, Erik Sørgård, Magnus Overå, Lars Petter Bonesmo og Håvard Elias Hovet Aas. (Foto: Hanne Suorza)

Styreleiar i SIL Freeski, Lars Petter Bonesmo, gir ungdommane mange lovord for innsatsen.

- Det er imponerande å sjå korleis dei eldste hjelper dei unge. Magnus er ein av dei som har teke trenarkurs. Han er positiv og flink med ungane, smiler Lars Petter og legg til:

- Dette er ein ivrig gjeng. Og det er nesten umogleg å få dei med heim att frå fjellet!

555196_10151271869807983_767686716_n

Jibbarane søker utfordringar både i trapper, på rekkverk og på hopp. (Foto: Syver Aure Torvik)

I følge Lars Petter, blir freeski, eller jibbing om du vil, stadig meir populært i Norge.

SIL Freeski blei etablert i desember 2013 som ei ny undergruppe i Sykkylven Idrottslag. Terrengparken på Fjellsetra blei danna for fem år sidan. Ein av dei som har vore aktivt med sidan starten, er Håvard Elias Hovet Aas (21).

- Anlegget har blitt bra, blant dei aller beste i Møre og Romsdal, seier han.

- Kva er kjekt med freeski?

- Det er ein ekstremsport fylt med spenning, meistring og samhald. Dessutan får vi vere ute i naturen. Vi blir ein samansveisa gjeng som heng i lag heile vinteren.

Ei anna drivkraft i den nye klubben, er Knut Tore Fausa. Han fortel at eit inkluderande miljø står sentralt:

- Vi ser at miljøet er bra. Alle tek vare på kvarandre. Denne gjengen er ofte dei første som kjem på fjellet, og dei siste som går. Det er skiglede og ikkje tidtaking som står i fokus. Difor er det ikkje noko barriere å ta del. Det viktige er at medlemmane oppmuntrar kvarandre. Når dei yngste lukkast med nye triks, står dei eldste og klappar med skistavane. Det er viktig og positivt, seier Knut Tore Fausa til brabygd.no

Har du lyst til å vere med?

Born frå åtte år er velkomne. Du kan stå på ski eller snowboard. Fleire jenter er bra! Møt opp i bakken. Utøvarane vil få bedre skikontroll, men bør vere ganske stø på ski frå før og kunne ta t-trekket aleine. Som medlem må du ha ryggskinne og hjelm. Medlemmane er fordelt i to grupper: Ei for dei over 13 år, og ei for dei som er yngre. SIL Freeski samarbeidar med Spjelkavik IL. Sjå Fjellsætra terrengpark på facebook for meir informasjon. Kontakt: Lars Petter Bonesmo: lpbones@xi.no/ tlf: 997 11 631

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Det gjer seg ikkje sjølv! Det ligg mange timar bak flotte og utfordrande hopp. Ny kapital hjelper på: I 2013 gav Sykkylven kommune 150 000 kroner til vidareutvikling av terrengparken på Fjellsetra. Midlane er ein del av «ungdomsmillionen»; ei satsing på gode ungdomstiltak i Sykkylven. (Foto: Syver Aure Torvik)

Det gjer seg ikkje sjølv! Det ligg mange timar bak flotte og utfordrande hopp. Ny kapital hjelper på: I 2013 gav Sykkylven kommune 150 000 kroner til vidareutvikling av terrengparken på Fjellsetra. Midlane er ein del av «ungdomsmillionen»; ei satsing på gode ungdomstiltak i Sykkylven. (Foto: Syver Aure Torvik)

(Foto: Hanne Suorza)

Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.