Synnavindsnipa/ Molaupstinden (1367 m.o.h.)

139-002web

Utsikt ifrå Synnavindsnipa mot Hundatinden, Gjeveneset og Ålesund. (Foto: Lars Arild Rokseth)

Synnavindsnipa/ Molaupstinden (1367 m.o.h.)

Det er fleire alternativ for oppstigning.

Eit alternativ er å gå opp frå Erstad til Riksheimdalen. Oppe ved dalbotnen, der anleggsvegen dreier til venstre inn mot Storevatnet, ser du ei gangbru nede ved elva. Kryss denne og sikt oppover i retning vest/nordvest, mot den høgste delen av ryggen på Tverrfjellet. Her er ikkje rås, men terrenget er lett og oversiktleg med fleire gode vegval opp gjennom gras- og mosebakkar.

Det alternativet som gir finast utsikt er å gå heilt opp på ryggen vest for Trollvatnet, og å følgje denne oppover i sørvestleg retning.

Når du har nådd det høgste punktet på ryggen, dreier du i sørleg retning og følgjer vestsida av den langstrakte ryggen som fører mot toppen.

Første delen byr på enkel vandring langs stein og ur. Men straks kjem du til eit djupt skar der du må vise aktsemd. Her er fleire vegval som kan føre deg over skaret, og opp til den flate ryggen på andre sida. Det beste er kanskje å dreie litt ned til høgre (mot Hjørundfjorden). 10-15 meter under hovudryggen kan du følgje ei bratt skråhylle som fører ned (og litt opp) til skaret. Frå kanten av skaret finn du eit par hyller som er greie å traversere bort mot andre sida.

I den siste bratte skråninga opp mot hovudryggen igjen, må du sørgje for godt fotfeste i mold og mose. Ver merksam på at området byr på ein del lause steinar. Etter at du passerer skaret, er det enkel vandring heilt opp til varden på toppen.

Sjå Fjellhugboka for meir informasjon. (Kjelde)

  • Oppstigingstid: 4-5 timar.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK

Synnavindssnipa midt i bildet. Stokkfonntinden ti venstre, og Hundatinden ti høgre. (Foto: Lars Arild Rokseth)

Synnavindsnipa midt i bildet. Stokkfonntinden til venstre, og Hundatinden ti høgre. (Foto: Lars Arild Rokseth)

Synnavindsnipaweb

Råna, Raudmålsegga, Blåbretinden og Ljøsabreen bak Trollkyrkja. Vidare ser vi Straumsheimsskaret og Itletinden. Bakanfor Itletinden ser vi Tårnet, og vidare snødekte Tungremtindane. Deretter Synnavindsnipa og Hundatinden heilt ti høgre. Gjerdekollen nærmast ti venstre for Riksheimdalen. Sjå fleire foto på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Tverrfjellet mellom Riksheimdalen og Megardsdalen. Hundatinden og Synnavindsnipa bak. (Foto: Reidar Netland)

Tverrfjellet mellom Riksheimdalen og Megardsdalen. Hundatinden og Synnavindsnipa bak. (Foto: Reidar Netland)

002-003web

På veg inn Riksheimdalen med Synnavindsnipa midt i bildet. (Foto: Lars Arild Rokseth)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2017 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.