
Trollkyrja er eit markant fjell i Sykkylven. Sjå fleire unike foto frå Sykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)
Trollkyrkja (1233 m.o.h.)
Det er best å parkere ved ein av dei gamle møbelfabrikkane på Fet i Velledalen, sidan det er trongt med parkeringsplass borte ved Fetgardane.
Frå Fet går du opp langs traktorvegen som kjem ned elvedalen vest for garden Fet. Du følgjer skogsvegen til det høgaste punktet. Der tek du av til venstre, og går i eit myrlendt trakk gjennom skogen. Vidare gjennom skogen på ein markert skogkledd morenerygg opp mot Høgsetra. Oppstigninga er tung og bratt. Ovanfor Høgsetra vert terrenget slakkare opp mot Fetkollen. Du går vidare over Ljøsadalen, før du tek fatt på den siste bratte oppstigninga.
Det er enklast å gå direkte opp til foten av Midtre Trollkyrkjetind (til venstre for ein markant hammar). Her dreier du til høgre og går rundt hjørnet til skaret mellom dei to hovudtoppane. Dei siste 50 metrane til topps er bratte og byr på småklatring. Her er gode hyller og tak. Men vis stor aktsemd. Dei med lite erfaring bør ha med kjentfolk. Toppen av Tollkyrkja er svært luftig.
- Oppstigningstid: 4 timar.
Det er også mogeleg å gå frå Straumgjerde, om Straumsheimskaret. Sjå Fjellhugboka for meir informasjon. (Kjelde)

Skarrabben heilt til venstre. Vidare ser vi den pyramideforma Blåbretinden og Ljøsabreen før Trollkyrkja. Rett bak Trollkyrkja stikk Synnavindssnipa opp. Ti høgre for den ser vi Hundatinden, og vidare Skopphornet heilt til høgre. Gjerdekollen nærmast heilt ti høgre. Fetkollen er den grøne ryggen heilt til venstre. Litt nedanfor Trollkyrkja ser vi Straumsheimshornet. Sjå fleire unike foto frå Sykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)

Synnavindssnipa rett bak Trollkyrkja. Lengst til høgre ser vi Hundatinden. Midt innimellom dei tre fjella ser vi Keipen (Høgekeipen). Sjå fleire unike foto frå Sykkylven på skaparglede.no (Foto: Arild Solberg)